
Lomskyrkja - av dei vakraste i landet.
Lomskyrkja er ei av dei største
og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå tolv-hundretalet og er fremleis
i bruk som hovedkyrkje i Lom. Treskjeraren Jakop Sæterdalen er meister for korbogen og
preikestolen. Ope: 09 - 21 kvar dag frå 15. juni - 15. august. Felles inngangsbillett med
Norsk Fjellmuseum og Lom Bygdamuseum. Omvisning utanom opningstidene etter avtale
(turistinf.- tlf 61 21 29 90).
Lom stavkyrkje er 850 år i 2008 og det er lagt opp til eit storstilt program - mellom
anna med kronprisen Haakon som ein av gjestane.
Sjå meir .. |

Norsk Fjellmuseum rett bak den mektige Prestfossen.
Norsk Fjellmuseum viser deg
vegen inn iden norske fjellheimen og korleis samspelet mellom menneske og natur har
utvikla seg frå dei første dagars primitive fangskulturarfram til våre dagars
masseturisme og ressursbruk.
- Mammututstilling med mammut i
full storleik
- Basisutstillinga
"Norsk høgfjell"
- Autorisert informasjonssenter for Jotunheimen Nasjonalpark
- Naturgeografisk utstilling om Jotunheimen
- Jaktvåpen- og gevirutstilling
- Nytt biletspel Fire årstider i fjellet
- Fotoutstilling
- Smykkeutstilling
- Sommerutstilling
www.fjell-museum.no |

Presthaugen - Lom Bygdamuseum med ei rekkje gamle bygningar og samlingar av gamle ting
frå Lom.
Lom Bygdamuseum er eit
friluftsmuseum og eit flott friluftsområdet med ein Lomsgard frå 1800 - talet, ein
husmannsplass og ei seter. Her ligg Olavsstugu, der heilag Olav skal ha overnatta. Vi finn
og ein gamal restaurert vassveg i området.
Skiftande utstillingar. Aktivitetar kvar onsdag i juli.
Les
meir...
|

Fossheim steinsenter har gratis inngang.
Fossheim Steinsenter har den
største utstillinga av norske mineral og smykkesteinar i landet. Open verkstad. Utsal av
smykker, mineral, økologiske matprodukt, kart, suvenir og bøker. Gratis entre til
museum.
www.fossheimsteinsenter.no |