Velkommen
Hotell
Motell og hytter
Trim & Trivsel
Konferanse
Servering
Aktivitetar
Verd å sjå
Lom
Før i tida
Booking
Linker
English

|
|
Trim og trivsel på Fossberg
Velkommen
til vårt trim- og trivselsanlegg som nå er i full drift med svømmebasseng for barn og
vaksne, boblebad, badstue, solarium, godt utstyrt apparatrom og squashbane. Her kan du
boltre deg i mange aktivitetar. Du kan velje i eit svært godt utstyrt styrke- og
kondisjonsrom med apparatur for dei fleste av musklane i kroppen, symjebasseng med
boblebad, motstraum og barnebasseng, badstue og squashall. Inngang til Trim- &
Trivselsavdelingen via resepsjonen.
Ang. opningstider
og annan informasjon... Svømmebasseng, boblebad, badstu og solarium

Svømmeavdelingen omfattar svømmebasseng
med djubde frå 1 til 1,90 meter med moglegheit til motstraum på den djupaste delen.
Barnebassenget har ein liten foss og passer svært godt til dei aller minste. Boblebadet
har ekstra varmt vatn og plass til 8 vaksne. For å starte boblebadet treng du ein eigen
polett som du kjøper i resepsjonen (kr. 20 for 15 min.). Bassengkanten er godt utstyrt
med bord, stolar og liggjestolar. Barn under 15 år må ha med seg vaksne i bassenget. To
badstuer finn du med tilknytning til garderobene. Badstuen blir slått på
når du ynskjer det. Gje beskjed i resepsjonen. Våre to solarium finn du rett ved
sida av garderobene i trim- og velværeavdelingen. Det er myntinnkast på solarium.
Kondisjon- og muskeltrening

Styrke- og kondisjonsavdelingen er godt
utstyrt med forskjellige apparat. Til oppvarming og kondisjonstrening kan du velje i
tredemølle, ergometersykkel og step-maskin der du på ein enkel måte kan leggje opp
løpet sjølv på kontrollpanelet. Du kan sjølv velje variasjon i intensitet og kor lenge
innsatsen skal vare og du kan til kvar til fyljge med på hjartefrekvens og kaloriforbruk.
I apparatdelen dinn du det du treng for å halde dei fleste muskelgruppene i aktivitet.
Squash

Squash er spel mot vegg med ball og racket. Mest
vanleg er spel mellom to personar. I staden for nett i mellom som i tennis, går spelet
her føre seg mot ein vegg. Spelarane slår ballen annan kvar gong. Du finn meir om reglar
osv. på internettsidene til Norges
Squashforbund |