Velkommen
Hotell
Motell og hytter
Trim & Trivsel
Konferanse
Servering
Aktivitetar
Verd å sjå
Lom
Før i tida
Booking
Linker
English

|
|
Lom og
Jotunheimen 
Storstabburet i Lom sentrum. Foto Visus.

Issoleie og Smørstabbtindane. Sognefjellet /
Jotunheimen. Foto Visus.
Geografisk ligg Lom nokon lunde midt
mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er eit av dei beste utgangspunkta for å oppleve både
fjell-Noreg og Vestlandet. 1 ½ time til fjordane 1 ½ time til Geiranger, 5 timar frå
Oslo, Trondheim og Bergen. Lom ligg midt i hjartet av Jotunheimen og du vandre langs
meir enn 50 merka DNT-ruter eller ta turen opp på meir enn 150 totusenmetringar dersom du
ynskjer ei betre utsikt over dette storslåtte landskapet. Men Lom har ikkje berre natur
å by på. Gamle bygningar blir teke vare på og tradisjonar haldne i hevd. Lom og Skjåk
er eit av dei mest nedbørs fattige områda i Noreg, med berre 270 mm årleg nedbør! Eit
gamalt ordtak herifrå seier at dersom Gud skaffar oss sol skal vi sjølve skaffe væte.
Kom til Lom og Jotunheimen i år og ta med
deg familie og vener. Lom Turistkontor (tlf 61 21 29 90) kan hjelpe deg å gjere
opphaldet her så opplevingsrikt som du ynskjer det. (Kjelde: www.visitjotunheimen.com)
Jotunheimen
nasjonalpark
Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980 og
har eit areal på om lag 1150 kv.km. 52% av parken ligg i Lom. På sentrale innfartsstadar
til parken er det sett opp informasjonstavler. Nasjonalparken er det mest fjellflyte
landskapet i Noreg. Dei 27 høgste fjelltoppane i landet finn vi her. Forutan høge fjell
har parken mange frodige dalar, ei rekkje isbrear og fleire store innsjøar. Innanfor
parken er det lagt godt til rette for friluftsliv med fleire turisthytter og mange stigar
som er merka.

Seter i Høydalen. Foto Visus.

Frå Lia mot Bøverdalen. Foto Visus. |