Velkommen
Hotell
Motell og hytter
Trim & Trivsel
Konferanse
Servering
Aktivitetar
Verd å sjå
Lom
Før i tida
Booking
Linker

English
Fossberg hotell
2686 Lom
Tlf: 61 21 22 50
booking@fossberg.no

logolang.gif (940 bytes)


Godt tilrettelagt for konferanser og kurs

fossberg004.jpg (310009 bytes)
Vår konferansesal har plass til ca. 70 personar og er utstyrt av det som finst av moderne presentasjonsutstyr. Foto og film frå video, data og lysbilete på lerret kan her kombinerast på ein profesjonell måte med lyd frå trådlause mikrofon. Alt enkelt styrt frå eige kontrollpanel der du også styrer takljos og gardiner i rommet. Salen er utstyrt med høyretelefonar for hørselshemma.

I tilegg til hovudsalen kan vi stille fleire grupperom til disposisjon, også desse med rikeleg av hjelpemiddel. Kombinert med stor stor serveingskapasitet i matsal og kafeteria og rikeleg med aktivitetstilbod i nærområdet ligg det godt til rette for eit vellykka kurs eller konferanse. Her i Lom kan møte og konferanser enkelt kombinerast med opplevingar i Lom og Jotunheimen. I Lom sentrum finn du attraksjonar som Lom stavkyrkje, Norsk Fjellmuseum, Fossheim steinsenter og Norsk bygdamuseum. Frå hotellet kan det enkelt gjennomførast enkle eller meir krevande fotturar langs naturstigar eller til den majestetiske Lomseggen. Andre aktuelle innslag er dagsutflukter til Galdhøpiggen, sommarski på Galdhøpiggen sommerskisenter, brevandring og grottetur i Dumdalen.
fossberg002.jpg (135291 bytes)  fossberg003.jpg (136980 bytes)