Velkommen
Hotell
Motell og hytter
Trim & Trivsel
Konferanse
Servering
Aktivitetar
Verd å sjå
Lom
Før i tida
Booking
Linker
English

|
|
Turistdrift i
over 100 år 
Før i 1894 var det to
kvernbruk, to butikker, eit bakeri og ein klokkargard med skulehus på sørsida av Bøvre
(Fossbergom). Eit påbod om at jorda på prestegardane skulle reduserast, førte til at
fire menn i 1894 gjekk samman og kjøpte Ulstad. Jorda vart delt i fire bruk: Ulstad
nødre, Ulstad midtre, Ulstad søre og Ulstad nedre søre. Desse vart selde som jordbruk,
og brukte slik fram til etter siste krig. Riksveg 15 vart som ein gjeile frå Gjeisar til
Prestbrua, ein gjeile der det ikkje berre for hestelass og seinare bil-lass, men der det
og for kyr som gjekk til og frå beitet i hamnelykkjene i lia ovafor. Samstundes tok tre
av kjøparane til med turistverksemd på Fossbergom. I 1994 feira desse bedriftene
100-års jubileum mellom anna ved å gje ut eit jubileumshefte om utviklinga av
Fossbergom.
Drifta på
Fossberg Hotell i gang før 1900
Etter å ha selt vidare tre av dei fire bruka
Ulstad vart oppdelt i , sat John Haugen att med Ulstad midtre, som han gav namnet
Fossberg. Drifta på Fossberg Hotel kom igang før 1900, for det året søkjer han om
løyve til å skjenkje heimbryggja øl, og to år seinare fekk han øl- og vinrett.
Hotellet hadde kjøken og to stugu, to klevar og gang i fyrste etasje, 7 soverom i 2.
etasje, 3. etasje hadde dansesal, eit soverom og eit loftsrom.Ola P. Lund, Sjåk, kjøpte
Fossberg i 1926, og fram til 1946 var det gardsdrift, kafe og fast utleige av husvære som
gav hovudinntektene. Frå 1946 kunne dei føre hotellet attende til det det var bygd for
før 1900, og kunne ta imot 12 gjestar og gongen. Fyrste ombygginga av hovudhuset vart
sett i gang i 1953 og steg for steg har Fossberg vorte ombygt og endra til det moderne
hotellet Fossberg er i dag. |