
Fjellturar

Brevandring

Sommarski
|
Ikkje nokon stad
finn du avveksling som i fjellheim. Her kan du oppleve alle årstidene på ein gong. Du
kan sjå ut over "halve kongeriket" og få med deg frodig innlandsnatur og ville
fjellandskap. Med bil er det berre 1 1/2 times tur til dei mest kjende Vestlandsfjordane.
I Jotunheimen finn du dei fleste 2000-toppane i landet med Galdhøpiggen og Glittertind
som dei mest kjende. Dei mange og mektige isbreane innbyr til flotte opplevingar og dei
spennande grottene i Dumdalen innfrir til fulle eventyrlysten. I høgsesongen er det
dagleg føring over dei mange isbreane og kjentfolk tek deg med på topp- eller
grotteturar.Om hausten innbyr
Jotunheimen til opplevingar i ein fargesprakande natur. Fredelege fjellvidder lokkar heile
vinteren og om våren, når naturen livnar til etter ein lang vinter, er det ingenting som
kan måle seg med fjellet.
Trykk på fotografi for meir informasjon.
Sjå også visitjotunheimen.com
Her på hotellet kan du sjølvsagt boltre deg
i vår Trim & Trivselsavdeling. |

Aktuelle turar med bil

Naturstigar
|